Når det mørknar i desember, legg trufaste Amnesty-aktivistar ut på turné. Dei skal fremje den årlege appellmaraton og lyse opp Ulstein og Hareid med sitt engasjement for menneskerettane.
I dagane framover skal den trufaste gruppa med Gro Lothe i spissen, vitje heile 13 skular og to rådhus.
- Det er kjekt. Både elevar og lærarar set pris på det, seier superaktivisten Gro Lothe. Ho er godt kjend på øya for sitt engasjement gjennom mange år.
I 2008 fekk ho Kvinneprisen for 2008 i Ulstein og Hareid. Grunnen var at ho utrøytteleg dreiv med idealistisk arbeid, serleg i Amnnesty International. Ho var óg med å starta ei Amnesty-gruppe i Hareid.
No vil ho at lokalsamfunnet skal bruke ord for å lyse opp dei mørkaste stadene, for å opne fengselsdører og stoppe avrettingar. Dei vil ha med seg lister som kan underskrivast. Det er lister i samband med utvalde aksjonar i appellmaraton dette året. Dessutan gjeld det kampanjen denne hausten om det samfunnsansvaret som verksemdene har. Makt forpliktar!
På sjølvaste FN-dagen ber dei alle tenne eit ljos for Amnesty og for menneskerettane. Difor gjev dei alle skulane eit ljos med Amnesty-logo.
- Ljoset er logoen til Amnesty International. Vi vonar at alle vil tenne eit ljos for FNs menneskerettsdag og for det viktige arbeidet som Amnesty gjer i heile verda.
Nynorsk omsetting ved Jon Trana.