Landsmøtet 2014: Invitasjon til å nominere styremedlemmar

Valnemnda i Amnesty International Norge har starta det hyggelege og spennande arbeidet med å finne fram til interesserte og positive medlemmar av Amnesty International i Norge som kan tenkje seg å bli styremedlem.
Publisert: 2. jun 2014, kl. 10:08 | Sist oppdatert: 2. sep 2014, kl. 14:58
Det er ansvarsfullt å sitje i styret i Amnesty International Norge. Styreverv legg beslag på nokre laurdagar og søndagar og andre vekedagar.
Styremedlemmane deltek også på møte med amnestymedlemmar rundt om i Norge, og representerer Amnesty Norge på internasjonale møte. Mest av alt er det hyggeleg, givande, spennande og interessant å vere styremedlem.

Styret vel sjølv korleis dei vil arbeide. Eit styre som fungerer godt, finn løysingar som høver med det enkelte styremedlems interesse, kunnskap og kapasitet. Styremedlemmar har ansvar. Ikkje berre i forhold til landsmøte, strategi og handlingsplan, men også for policy, jus, økonomi og som arbeidsgjevar. Ingen kan alt. Styrearbeidet er eit lagspel, der ein prøver å dekke forskjellige, men spesifikke kvalitetar.
Det er typisk norsk å vere beskjeden – særleg på vegne av seg sjølv. Det er det ingen grunn til her. Du kan m.a.o. gjerne fremje deg sjølv som kandidat.
Det er viktig å få et solid og breit grunnlag å velje frå når valnemnda skal prøve å setje saman eit godt styre for dei neste 2 åra. Difor ber valnemnda alle medlemmar i Amnesty International Norge om å sjå seg rundt etter gode styrekandidatar.
Dersom nokon vil vite meir om kva styrearbeidet går ut på, kan dei sjølvsagt kontakte medlemmar i valnemnda. I tillegg vil styremedlemmane kunne gi informasjon om dei rutinane det sitjande styret har for arbeidet sitt.
I samsvar med instruks for valnemnda, er det utarbeidd behovsanalyse som fortel kva ein meiner er viktig å leggje vekt på ved nominering av kandidatar til styret. Det er og utarbeidd mal for CV for kandidatar til styret.
Viss du vil nominere deg sjølv, ber vi om at du sender utfylt CV til valnemnda. Ved nominering av andre enn deg sjølv, ber vi om at du avklarar med aktuell kandidat om han/ho er villig til å stille som styrekandidat.
Valnemnda vonar på positive tilbakemeldingar, gjerne så snart som mogleg, men seinast innan 20. august 2014.
Nominasjonar skal sendast til [email protected]

Beste helsing frå
Valnemnda for 2014

Karen-Lise Scheie Knudsen, tlf 99276850
Bodil Røyset, tlf 40224276
Alf Butenschøn Skre, tlf 93291809
Gustav Haver, tlf 99256784


Landsmøtet 2014

Landsmøtet er åpent for alle medlemmer i Amnesty Norge. For å ha stemmerett må du har vært medlem minst seks måneder sammenhengende før landsmøtet avholdes.