Eit samla og sterkare Amnesty

Vi er ein unik organisasjon, som alle kan vere stolte av å vere ein del av. Dette vart tydeleg illustrert under ICM – det internasjonale rådsmøtet i Roma. Les rapport skrevet av styreleiar i Amnesty International Norge, Kjetil Haanes. 
 
Publisert: 21. aug 2017, kl. 16:05 | Sist oppdatert: 30. aug 2017, kl. 15:11
Dette medlemsbrevet handlar i hovudsak om det 33. ICM i rekkja – men også det siste.

Sjølv om organisasjonen gjennomførde ei lang rekkje historiske vedtak, framstår vi no som meir sterk og samla enn nokon gong.

Og det trengst, for menneskerettane er under sterkt press globalt, også i land nær oss. To stolar stod tomme under konferansen, stolane til Taner Kilic og Idil Eser, styreleiaren og direktøren i Amnesty Tyrkia. Dei er fengsla av styresmaktene, og under konferansen var det aksjonar til støtte for dei, men også støtte til dei mange andre menneskerettsforkjemparane og journalistane som er fengsla.

Men det er ikkje berre i Tyrkia det er farleg å engasjere seg for menneskerettar. Vi ser det mellom anna i Thailand og i Venezuela, der det har vore direkte angrep på Amnesty-leiarar. I Venezuela har det vore både bortføringar og direkte skot mot enkeltpersonar.  Ein av dei Amnesty-tilsette vert no gøymd på ein sikker stad i Argentina, for det er for utrygt i heimlandet.

Det er også stor mangel på medisin i landet, og den norske Amnesty-delegasjonen var mellom bidragsytarane slik at styreleiaren kunne kjøpe livsviktig medisin i Italia og ta med seg tilbake til Venezuela.

Utrygt er det også for menneskerettsforkjemparar på Filippinane, der president Duterte har fått drept over 10.000 personar i ‘war on drugs’-aksjonane, men som no også trugar med om å be politiet drepe menneskerettsforkjemparar. Det var denne beskjeden våre filippinske vener kom heim til etter ICM i Roma.

Og det er ikkje berre styresmaktene gjennom politiet som angrip Amnesty-tilsette og andre  menneskerettsforkjemparar, det er også høgreekstreme grupper, noko vi har sett i land nær oss som Ungarn og Polen.

Og vi hadde knapt nok kome heim før vi fekk vite at Joshua Wong, ein ung demokratiforkjempar i Hong Kong, som tala til oss via internett, var arrestert og risikerer lang fengselsdom.

Men trass dei store utfordringane, har vi også hausta store suksessar, ofte gjennom kampanjar med brev, epostar og twittermeldingar.

Eller for å nemne det prosjektet Norge er sterkt delaktig i ved å få identifisert og sett fri mindreårige dødsdømde i Iran.

Og i Roma var det verkeleg kjekt å oppleve dei mange som tok kontakt og fortalde kor glade dei var for prosjekt finansiert av pengar frå TV-aksjonen og frå Operasjon Dagsverk.

Det nyttar!

I dag finst det 58 Amnesty-seksjonar rundtom i verda, i tillegg til totalt 13 strukturar og nasjonale kontor utan eigne seksjonar. Men i Roma var det semje om at vi skal prøve å få fotfeste fleire stader, mellom anna ved å satse stort på menneskerettsundervisning.

Over 5,4 millionar menneske verda over var siste året med på aksjonar for Amnesty, og over 2,2 millionar personar, firma og organisasjonar bidrog med økonomisk støtte. Men heile 53 prosent av støttespelarane og 78 prosent av inntektene kjem frå Europa, slik at det no er viktig å få med resten av verda til ein internasjonal dugnad for menneskerettane.

Eitt grep i den retning er at organisasjonen vedtok eit nytt stemmesystem for å gjere internasjonale vedtak. Hittil har dei med flest medlemar/aktivistar hatt flest stemmer, slik at Norge har vore av seksjonane med seks stemmer, som har vore maksimum, men der mange seksjonar har hatt berre ei eller to stemmer. Men heretter har alle seksjonar ei stemme kvar, uavhengig av størrelse når det gjeld registrerte medlemar/aktivistar.

Amnesty i Norge har vore av pådrivarane for denne endringa, som vi meiner er viktig for å styrke det globale arbeidet og sørge for at alle vert like mykje høyrde og verdsette når ein først møtest og gjer vedtak til det beste for heile organisasjonen.

Etter lange, men gode og konstruktive debattar, vart det til slutt over 90 prosent oppslutning om ‘one entity – one vote’-modellen, til stor glede for mange små seksjonar som arbeider under svært vanskelege forhold og der enkelte dagleg tek stor privat risiko på grunn av arbeidet for Amnesty.

Sjølv om denne endringa tok mest fokus, vart det gjort ei lang rekke historiske vedtak på det siste ICM. No går ein over frå globale møte annakvart år til å ha eit Global Assembly kvart år, der GA vert kortare og med berre tre delegatar til kvar. Men for å sikre at fleire ungdomar er med på GA, vert det eit rullerande system der ein tredjedel av seksjonane får ein ekstra representant som skal vere under 25 år.

Det er også innført eit system med regionale møte i forkant av GA, og gjort ei rekkje andre endringar. Alt dette er eit resultat av den nye ‘governance reform’-modellen for å gjere Amnesty meir handlekraftig og meir effektiv i kampen for menneskerettane og vern av menneskerettsforkjemparar.

Det omfattande arbeidet har gjennom det internasjonale styret vore leia på framifrå vis av vårt styremedlem Rune Arctander.

Ein kunne frykta ein splitta organisasjon ved å gjere så mange og store endringar samstundes, men resultatet er at organisasjonen er meir samla enn nokon gong.

Det vart også gjennomført ei rekkje val. Som styremedlemar i det internasjonale styret vart det gjenval på Sarah Beamish, Canada og Vinzent Adzahlie-Mensah, Ghana. Nye styremedlemmar er ungdomskandidaten Fabiola Gutierrez Arce, Peru og Amnesty-grunnleggjar Peter Benenson sitt barnebarn Greg Marsh frå England. Frå før sit Bieske, Australia, Hashemi, USA, Muthani, Kenya og vår eigen Rune Arctander i styret.

Det vart også attval på Kristin Høgdahl i den internasjonale nominasjonskomiteen. Høgdahl har gjort eit godt arbeide med å utvikle gode system for vurdering av dei ulike kandidatane, og for å få mangfald av gode kandidatar å velje mellom.

Vi hadde også ein vellukka workshop om større idrettsarrangement/organisasjonar og menneskerettar, som var ei oppfølging av landsmøtevedtaket i Trondheim i november i fjor. Pasqual Strømsnes, som fremma resolusjonsforslaget under landsmøtet i Trondheim, var ein av innleiarane. Også Andreas Selliås, sportsjournalist som har gjort mange avsløringar rundt organisasjonar som IOC og FIFA innleia, der salen konkluderte med at Amnesty bør intensivere arbeidet med ‘sports & human rights’, men også med ‘human rights in sports’.

Det vart fatta vedtak om å setje i gang utvikling av policy på ei rekkje område, mellom anna om når Amnesty International skal gå imot militær okkupasjon, om staten sitt ansvar ved val, om tiltak for å stoppe bankar sin finansiering av ulovlege våpen, om betre vern av varslarar, om oppdatering/revidering av abortpolitikken, utvikling av politikk om narkotika og menneskerettar og ikkje minst utvikling av ein politikk for å sikre menneskerettane i ei tid med klimaendringar og andre miljøsvekkingar.

Vi vil invitere medlemane til å delta med innspel rundt politikkprosessane.

Den norske delegasjonen bestod av John Peder Egenæs og Ingvild Lyberg frå sekretariatet, samt Thea Schjødt, Tor-Hugne Olsen, Kjetil Haanes og Nancy Herz frå styret, der sistnemnde deltok i eit panel og tok eit kraftfullt oppgjer mot kontroll- og æreskulturen, og for den enkelte sin rett til å bestemme over eige liv og eigen kropp.

Vi fekk også under møte i arbeidsgruppa om LHBT vist dokumentarfilmen Kunsten å være syndig, om den første homofile mann frå Sudan som no er flyktning i Norge – ein film som er delfinansiert av Amnesty Norge.

Dette var også siste ICM for den internasjonale generalsekretæren Salil Shetty, som gav stor ros til den norske delegasjonen sin innsats på ICM, blant anna i arbeidet med å få stor oppslutning for eit likeverdig stemmesystem. Det er no i gang ein prosess med å finne Salil sin erstattar.

Og så må eg nemne tolkane, som stiller opp gong etter gong, og gjer ein eineståande gratis og frivillig innsats for Amnesty. Denne gongen var det 38 i talet. Respekt!

Konsekvensane av endringane i det internasjonale styringssystemet for korleis vi sikrar medlemmane innverknad her i Noreg, er noko som medlemsdemokratiprosjektet er i gang med å sjå på. Før sommaren sende Ipsos ut ei spørjeundersøking til medlemmar i samband med prosjektet. Mange av dykk har medverka til prosjektet gjennom å svare på undersøkinga, takk!

Har du innspel til korleis Amnesty sitt medlemsdemokrati bør fungere, ta gjerne kontakt med [email protected]