Marokko: Rollespel for fengselsdirektørar

Nesten halvparten av Marokkos fengselsdirektørar er på kurs. Oppe i vinterfjellet held Amnesty i Marokko sitt andre kurs for å bygge opp ein menneskerettskultur i marokkanske fengsler. Fengselsdirektør Chafiq Azdine har opplevd voldsam nedgang i talet på disiplinærsaker mellom fangane det siste året. Holdningsendring blant de tilsette har betra forholda, trur han.
Publisert: 22. Apr 2004, kl. 11:54 | Sist oppdatert: 25. sep 2008, kl. 01:13

- Menneskerettsundervisninga har vore svært viktig for meg. No har vi møte med vaktarane og diskuterer korleis ein skal handtere konfliktar mellom fangar, og konfliktar mellom fangar og tilsette. Desse diskusjonane har ført til haldningsendringar blant dei tilsette, fortell fengselsdirektør Chafiq Azdine.

© Vibeke Eikås

Amnesty i Marokko sitt kurs er ei vidareføring av eit samarbeid med Justisministeriet og Ministeriet for menneskerettar. Samarbeidet har satt seg fore å bygge opp ein menneskerettskultur i marokkanske fengslar og er finansiert av midlar frå TV-aksjonen i Noreg i 1999. Prosjektet er ein svær utfordring. Det første kurset handla om undervisningsmetodar. No står menneskerettsbegrepa, juridiske forhold og dei erfaringane direktørane har gjort sidan sist på timeplanen.

Det er vinter ute, med iskald vind rundt hushjørna og små snøhaugar i hagane, men i konferansesalen blir diskusjonen enkelte gonger varm om kompliserte tema: Kva er definisjonen på tortur? Vil den nye fengselsreforma gjere undervisning om menneskerettane lettare for dei? Korleis skal dei klare å skape ein menneskerettsskultur i fengsla kor kulturen er både valdeleg og sterkt hierarkisk, og med knappe ressursar og eit strikt internt regelverk? Korleis kan folk utanfrå i det heile tatt forstå livet innanfor murane?

Holdningsendring

Chafiq Azdine har arbeidd i fengselsvesenet i 12 år og er no inne i 2-årig vidareutdanning som fører fram til den høgste eksamen ein har innanfor fengselsvesenet. Etter denne eksamen kan han bli øvste sjef ved eit fengsel. Menneskerettsundervisninga er ein del av denne utdanninga.

Allereie sidan siste kurs meiner han at han kan sjå ei positiv holdningsendring:

- Siste året har vi hatt svært få, ca 10 disiplinærsaker mellom fangane. Normalt tal tidlegare år var rundt 100. Eg trur at den nye kulturen vi prøver å bygge fører til betre forhold, og at fangane derfor har mindre grunn til protestar og oppfører seg betre.

Nye metoder

På seminaret fortel mange at dei syns det er vanskeleg å gjennomføre menneskerettsundervisning blant personalet i fengsla etter dei nye metodane, men Azdine har positive erfaringar med å bruke case systematisk i undervisninga.

- Vi tek ofte opp diskusjonen direkte i situasjonen som oppstår eller like etter situasjonen. Til dømes når ein fange har vorte straffa ulovleg, blir det teke opp umiddelbart både med den som har gjort det, og med gruppa av fangevaktarar. Då går vi gjennom lover og reglar som gjeld, minner om dei og diskuterer grensetilfelle og alternative handlingsmåtar.

- Kva meiner du gjer det vanskeleg å følgje opp menneskerettar og internasjonale konvensjonar i dykkar fengsel?

- Fengselet er lite, vi har mellom 130 og 160 fangar. Det er mykje meir enn fengselet er bygd for, og fangane får ikkje den plass dei burde ha, og vi har ingen plass til for eksempel idrettsaktivitetar eller andre aktivitetar. Hos nokre av dei eldre vaktarane er det også vanskeleg å endre innstillinga til fangane. Det tar tid å byggje ny kultur.

- Har du hatt nytte av menneskerettsundervisninga her?

Ja, det har vore svært viktig for meg. Innhaldet i menneskerettserklæringa, internasjonale konvensjonar om behandling av fangar og nasjonale reglar var eg godt inne i frå før. Det nyttigaste for meg har vore å lære metode. Vi har for lite midlar til opplæring, vi kan ikkje ta ut folk og samle dei i ein klasseromsituasjon. Derfor brukar vi korte samlingar med diskusjonar knytte til situasjonar ein har opplevd, og flygeblad og oppslag om viktige emne.

Vi har og møte med vaktarane og diskuterer korleis ein skal handtere konfliktar mellom fangar, og konfliktar mellom fangar og tilsette. Desse diskusjonane har ført til haldningsendringar blant dei tilsette. Det er også viktig for meg å lære vaktarane å seie nei på ein hyggeleg måte. Når ein viser respekt for kvarandre, blir samarbeidsforholda betre. Her har vi m.a. brukt rollespel som hjelp. Eg ville gjerne at fleire i mitt fengsel hadde fått gå gjennom denne undervisninga slik at vi kunne vere fleire som gjennomførte desse samtalane og diskusjonane, seier Chafiq Azdine.

Fengselsdirektør og kvinneaktivist

Like utafor Casablanca ligg eit lite kvinnefengsel med 150 innsette. Hadda Bekkach har vore direktør der sidan 2002. Ho er ei av tre kvinner som deltek på seminaret mellom 30 menn.

Bekkach fortel at ho har vore militant kvinneaktivist sidan ho gjekk på universitetet i Fes.

Ho meier kvinner og menn ikkje har like muligheiter innan fengselssystemet.

- Innafor fengselssystemet møter kvinner mange og store krav. Dei må dessutan vere både modigare og flinkare enn menn for å kunne klatre på karrierestigen.

Hadda Bekkach undervisar vaktarane i kvinnefengselet om menneskerettar og brukar metoden ho lærde på Amnesty sitt fyrste kurs, bl.a. med ”cases” og ved å ta opp sakene i den praktiske situasjonen. Ho meiner det fungerer godt.

- Innafor fengselssystemet må kvinner vere både modigare og flinkare enn menn for å kunne klatre på karrierestigen, seier Hadda Bekkash som er fengselsdirektør i eit kvinnefengsel utafor Casablanca.

© Vibeke Eikås

Fangar lærer si rett

- Dei innsette kjem til meg med spørsmål om kva rettar dei har. Det er særleg mykje arbeid med søknader om besøk frå familien og søknader om permisjonar. Mange av dei fengsla kvinnene har dårleg utdanning, og eg underviser dei om helsespørsmål – og lærer også ein del av dei å lese og skrive. Men vi har også høgt utdanna kvinner som fangar.

Fengselsdirektøren rekk å fortelje at dei vanlegaste dommane for kvinnene er prostitusjon, svindel og nokre drap. Så hastar ho avgarde. Det er bønetid.