Mandatspalten: Kosovo og Amnestys mandat

Publisert: 11. jun 1999, kl. 15:39 | Sist oppdatert: 25. sep 2008, kl. 01:10

I skrivande stund fell bombene i Kosovo og Serbia. Talet på flyktningar nærmar seg allereie ein million. Etnisk rensing går føre seg i stor stil. Kanskje folkemord også. Vi er alle hjelpelause tilskodarar til ein ufatteleg tragedie. Vi kjem ikkje på anna å gjere enn å gi pengar til naudhjelpsorganisasjonane. Kva gjer Amnesty? Tilsynelatande ingenting - organisasjonens namn har knapt vore nemnt i samband med Kosovo-konflikten i det heile. Om passiviteten var reell, hadde det vore eit problem, ikkje fordi vi har eit markeringsbehov, men fordi vi så gjerne vil gjere noko som kunne hjelpe. Vi tek ikkje del i propagandakrigen, men Amnesty arbeider på spreng.
Amnesty har ingen lang tradisjon med arbeid i krigssituasjonar. Berre dei siste åra har humanitær lov, inkludert Geneve-konvensjonane, vore ein del av arbeidsgrunnlaget. Vi har fått reglar for korleis vi kan engasjere oss i væpna konfliktar: Vi kan kritisere overdriven bruk av makt, vi kan kritisere åtak som ikkje skil mellom militære og sivile mål, vi kan opponere mot bruk av miner, osv. Likevel har ikkje AI markert seg med ei haldning til NATO-aksjonen. Vi har verken støtta eller kritisert NATO.

Eit sentralt tema i mandatdebatten i Amnesty dei siste åra har vore om vi skal kunne gå inn for «humanitær intervensjon» (dvs. militære aksjonar for å hindre massive menneskerettsbrot og naud). Knytt til FN finst det reglar for internasjonal lov og orden som er bindande for alle statar, og som er grunnlaget for Amnestys verksemd. Kort oppsummert kan ein seie at truslar og bruk av makt er forbode, om det ikkje eksplisitt er autorisert av Tryggingsrådet i FN. Slik er reglane som regulerer tilhøvet mellom nasjonalstatar. Men menneskerettserklæringa regulerer individets rett overfor undertrykkjande statsmakt, og i dette spenningsfeltet oppstår spørsmålet om «humanitær intervensjon». Det er eit sørgjelege faktum at NATO aksjonerer i Kosovo utan å ha Tryggingsrådet i ryggen. Dei fleste ekspertar er samde om at NATO-aksjonen faktisk er i strid med folkeretten, same kor «humanitære» motiva måtte vere.


Mange Amnesty-medlemmer har ønskt at vi tydelegare skal kunne seie frå om kva tiltak det internasjonale samfunnet bør setje i verk når humanitære katastrofar som den i Kosovo trugar. Folkemordet i Rwanda i 1994 er eit godt døme på at det internasjonale samfunnet burde ha intervenert. Så skjedde ikkje, og blodbadet kunne fullførast uforstyrra. Andre har hevda at Amnesty ikkje kan gi seg ut på ein veg der vi gjer oss til forkjemparar for valdsbruk. Det finst ingen garanti for at militære aksjonar løyser dei problema som ikkje let seg løyse med ord. Det viste FN/USA i Somalia, og det kan den pågåande NATO-aksjonen fort bli eit nytt døme på. I AmnestyNytt 2/99 uttrykte Eirik Da Silva djup skepsis til at Amnesty skal gå inn for slike aksjonar; det er grunn til å tru at han representerer grunnfjellet i organisasjonen.

Vi kan slå fast at det noverande Amnesty-mandatet ikkje gir klare svar på kor vi står i høve til Kosovo-konflikten. Men trass i at vi er usynlege i mediebiletet, er det viktig å understreke at Amnesty ikkje sit med hendene i fanget og ventar på at konflikten skal gå over. Allereie i mange år - sidan før folk flest hadde høyrt namnet Kosovo - har Amnesty vore på plass og dokumentert og protestert mot overgrep mot befolkninga i Kosovo. Heile tida har Amnesty åtvara mot ei farleg utvikling i området, og svært mange av oss har vore med på kampanjar retta mot Milosevic og hans regime på grunn av overgrep i Kosovo.


Medan koflikten enno pågår, er Amnesty og alle andre avskorne frå å drive etterforskingsarbeid i sjølve konfliktområdet, men det blir sett inn store ressursar på å planleggje for tida etter konflikten. Amnesty er til stades i Makedonia for å dokumentere så mykje som mogleg av det som flyktningane har vore utsette for og vitne til. Formålet er sjølvsagt at dokumentasjonen skal kunne brukast i jakta på krigforbrytarar når den tida kjem. I tillegg gjer Amnesty sitt aller beste for å sjå til at flyktningane får den behandlinga dei har krav på. Det manglar såleis ikkje på arbeidsoppgåver for Amnesty i Kosovo. Det eksisterande mandatet vårt gir rikeleg med høve til å engasjere seg sjølv om dei vanlege aksjons- og informasjonskanalane er sette ut av spel. Den typen arbeid som Amnesty no gjer, kan ikkje gjerast med den farten som pregar journalistikken. Etterforsking i amnestyregi er ikkje lettvint og overflatisk, men grundig og tidkrevjande. Slikt blir det ikkje store overskrifter av - førebels.