Nytt fra styret

Kjære Amnesty-medlem
Vi har bak oss eit særs vellukka landsmøte i Trondheim, der vi saman vedtok ein ny og ambisiøs strategi for dei neste tre åra.
 
Publisert: 24. Jan 2017, kl. 09:15 | Sist oppdatert: 31. Jan 2017, kl. 11:22
Vi valde også nytt styre, og det nye styret ønskjer å knyte medlemane nærare styret sitt arbeid – og omvendt. Dette nyheitsbrevet er ein lekk i dette. Vi håper og trur at dette vil vere nyttig informasjon.

Om det er nokon som har spørsmål eller innspel, er det berre å ta kontakt med styreleiar Kjetil Haanes på epostadresse [email protected]

Det nye styret møttest for første gang i Oslo i desember, der det vart gjort fleire viktige vedtak for organisasjonen.

For det første vedtok vi det mest ambisiøse budsjettet i historia. Vi skal samle inn heile 103 millionar kroner i 2017.

Satsinga er både eit resultat av den internasjonale strategien med store vekstambisjonar, men også oppfølging av vedtak fatta på landsmøtet i november. Den nye nasjonale strategien er førande for dette – og eg rår alle til å lese den

Det vert hardt arbeid, men vi har god tru på at vi skal nå budsjettmåla. For styret sin del er det viktig at vi skal få mest muleg menneskerettsarbeid ut av kvar krone.

Vi treng også ein organisasjon som er rigga for vekst og som kan handtere endå fleire oppgåver. Styret har difor sagt ja til å utvide antal tilsette i sekretariatet med ni årsverk. Ein viktig del av dette er at vi skal vere synlege og drive godt menneskerettsarbeid over heile landet, og vi er glade for at kvart av dei fem regionkontora no vert styrka med ei ekstra deltidsstilling, der dei nytilsette får opplæringsansvaret i regionane.

Landsmøtet vedtok å setje i gang eit stort medlemsdemokrati-prosjekt, og styret har vedteke å nedsetje eit utval som skal presentere sitt forslag innan utgangen av 2017, etter ei omfattande høyring i organisasjonen. Utvalet skal leiast av nestleiar Thea Schødt.

Frå styret deltek også Gro Herefoss Davidsen og Tonje Hellevig, medan det skal rekrutterast ytterlegare to personar som medlemar i styringsgruppa.

Vil du lese mer om utvalsarbeidet og søke om plass i styringsgruppa? Vi er på utkik etter engasjerte medlemar frå heile landet som kan tenke seg å bidra i dette arbeidet.

Her er datoane for regionmøta, der det vert første høve til å høyre om, og spele inn til, demokratiprosjektet:
11. februar: Trondheim, Bergen og Kristiansand
18. februar: Tromsø og Stavanger
4. mars: Ålesund
11. mars: Oslo


Styret vil vere representert ved alle møta. Vi gler oss til å lære fleire medlemar å kjenne, og vi håper å sjå mange på desse møta.

Nyleg har styret for bruken av TV-aksjonsmidlane frå 2012 fordelt dei siste millionane til ei rekkje prosjekt, der tilbakemeldingane frå fleire av prosjekta er svært gode.

Det er mykje som rører seg internasjonalt og styret er godt representert. I februar skal nestleiar Thea Schjødt på eit møte for europeiske styreleiarar i Berlin. I slutten av mars skal dei internasjonale styreleiarane og generalsekretærane møtest i Colombo på Sri Lanka, medan det no er klart at det internasjonale rådsmøtet (ICM) skal haldast i Roma frå 10. til 15. august. Her stiller Norge med seks representantar. Den store saka her blir reform av det internasjonale demokratiske systemet i organiasjonen. Målet er å få ein meir effektiv, målretta og slagkraftig organisasjon.

Styret har, i tråd med vedtaket på landsmøtet i Trondheim, sendt inn et forslag til ICM-vedtak om sport og menneskerettar. Forslaget finn du her.

Her kan du også lese den siste oppdateringa frå den internasjonale generalsekretæren Salil Shetty.

Det skjer mykje godt arbeid i Amnesty-regi, og vi vert stadig viktigare.

Lukke til!