Nytt fra styret

Her har du det andre medlemsbrevet med litt info om kva som skjer i og rundt styret i AI Norge.
Publisert: 16. Mai 2017, kl. 13:50 | Sist oppdatert: 26. Mai 2017, kl. 11:31
Og det er stor aktivitet i organisasjonen, både nasjonalt og internasjonalt.

I Norge har vi bak oss ein serie med regionmøter, med god oppslutning på dei fleste møta. Ekstra gledeleg med alle nye som stiller opp, og fleire stader har regionmøta ført til nyoppstarting av grupper og andre aktivitetar.

Gjennomgangen av medlemsdemokratiet i Amnesty Norge, som blei vedteke på landsmøtet i 2016, er godt i gang. Styringsgruppa hadde sitt første møte 27. mars.

Gruppa er samansett av Thea Schjødt (leiar), Gro Herefoss Davidsen, Tonje Hellevig, Howard Medland, Grethe Kristine Olsen og Selma Ahmetagic. Anne Marie Mollén frå sekretariatet er prosjektleiar. Demokratiprosjektet er nå i ein undersøkingsfase, og samlar inn informasjon om demokratiske system i Amnesty-seksjonar i andre land og andre organisasjonar i Norge.

I sommar skal prosjektet gjennomføre ei spørreundersøking blant medlemar og vi håper at mange vil bruke høvet til å komme med innspel.

Vi har vore veldig spente på om vi makta å nå budsjettmåla etter at det i budsjettet er lagt opp til stor vekst. Og så langt ser det bra ut. Etter første kvartal er vi faktisk ein del føre budsjett, litt på grunn av at inngangen til året var betre enn forventa, litt på grunn av forskyvning av tilsetjingar, men aller mest fordi medlemane i snitt gir meir pengar enn før.

På den andre sida ligg vi etter første kvartal litt bak fjoråret både i tal på medlemar og tal på aktivistar, men vi har god tru på at vi skal ta att det tapte.

På dei internasjonale møta er mykje av fokuset på  ‘governance reform’, ei omfattande reform for å lage ein meir demokratisk, effektiv og målretta organisasjon.

Det norske styret ved styreleiar Kjetil Haanes og nestleiar Thea Schjødt er spesielt aktive i dette arbeidet, der Thea har deltatt på eit europeisk møte i Berlin, medan Kjetil og generalsekretær John Peder Egenæs har deltatt på eit internasjonalt møte for styreleiarar og generalsekretærar i Colombo, Sri Lanka.

AI Norge er aktiv pådrivar i diskusjonane, og er mellom anna ein av seksjonane som ivrar for eit nytt røystesystem med ei røyst til alle seksjonar uavhengig av størrelse, medan ein i dag har frå ei til seks røyster etter størrelse. Så langt har ikkje forslaget om «one section – one vote» fleirtal sjølv om eit stort fleirtal av seksjonane ønskjer det. Grunnen til dette er at mange av dagens røystetunge seksjonar i staden vil oppretthalde eit ‘vekta’ system etter talet på medlemar (og aktivistar/støttespelarar).

Sjølv om røystestriden tek mykje fokus, er det mange andre element i ‘governance refom’ som er viktige, slik som ei endring frå toårige til årlege besluttande internasjonale møter, færre delegatar, oppretting av regionale fora, ei styrking av det internasjonale styret sin rolle og posisjon og ei klarare ansvarsfordeling mellom dei ulike delane av organisasjonen.

Dei endelege vedtaka skal fattast under det internasjonale rådsmøtet, (International Council Meeting, forkorta ICM) i Roma i august. Her har Norge seks representantar, og der vi frå styret stiller med Kjetil Haanes, Thea Schjødt, Tor-Hugne Olsen og Nancy Hertz, i tillegg til generalsekretær John Peder Egenæs og assisterande generalsekretær Ingvild Lyberg.

Det er mykje anna viktig som skal behandlast i Roma, ikkje minst det norske resolusjonsforslaget rundt tildeling av større idrettsarrangement og menneskerettar.

I tillegg skal det diskuterast ei rekkje prinsipielt viktige saker, som Amnesty sin posisjon til okkupasjon, inkludert Israel sin okkupasjon av Palestina. Det skal diskuterast narkotika og menneskerettar, Amnestys abortpolitikk, militærnekting og menneskerettar, vern av varslarar, boikott som strategi, bankar og våpenhandel og ikkje minst ein resolusjon støtta av Norge rundt styrking av seksjonane og etablering av seksjonar på så mange stader som muleg.

Kjetil Haanes og John Peder Egenæs vil delta på eit nordisk møte i juni der ‘governance reform’ og dei andre sakene på ICM vert tema.

Styret la sitt styremøte i april til London med besøk på Amnestys hovudkontor. I tillegg til ordinært styremøte, hadde vi mellom anna møte med Afghanistan-etterforskar Horia Mosadiq, som kunne fortelje at Amnesty no skal lage rapport om korleis det går med dei mange som vert returnerte frå Europa til Afghanistan, inkludert frå Norge.

Philip Luther, programdirektør for MENA i Amnesty, kunne fortelje godt nytt frå Iran ettersom Saalar Shadizadi, som vart dødsdømd som barn, endeleg var sett fri etter omfattande Amnesty-aksjonar sidan 2015. Det nyttar, og Norge er svært delaktig i arbeidet med å identifisere og få set fri dødsdømde mindreårige i Iran.

Vi møtte Tim Ludford og Nicola Barret, som jobbar med strategi og evaluering i Amnesty, og som orienterte om resultata av evalueringane av dei mange prosjekta som har vorte finansierte av NRK-midlar frå TV-aksjonen i 2012, inkludert evaluering av store og viktige prosjekt i bl.a. Afghanistan. I år er siste året at Amnesty International nyter godt av midlane frå TV-aksjonen, og det er oppløftande å sjå alt godt arbeid som har kome ut av desse pengane.

Vi fekk også oppdatering frå programdirektør Barbara Weber om dei imponerande resultata av satsinga på menneskerettsundervisning globalt, eit prosjekt som i stor grad er norskfinansiert.

Også generalsekretær Salil Shetty kom og helste på oss, og takka for det store arbeidet AI Norge gjer for organisasjonen. Salil går av som generalsekretær i juni neste år, men står på for fullt fram til etterkomaren er på plass.

Her kan du lese Salils siste rapport.

På styremøtet vedtok vi også å renominere Kristin Høgdahl, tidlegare styreleiar i AI Norge, til den internasjonale nominasjonskomiteen, medan Rune Arctander ikkje står på val no i det internasjonale styret.

I London takka vi av Helle Bjørnstad som styresekretær, ettersom ho no er tilsett som ny leiar for medlemsavdelinga, og vi tok vel imot Maren Grytting som ny styre- og administrasjonssekretær.

Både styreleiar og fleire av styremedlemane har i vår deltatt på ulike arrangement rundt om i landet. Det set vi pris på.

Viktor Johannes Matre har deltatt på landsmøtet til AI UK.

22. – 24. mai skal AI Norge vere medarrangør for prestisjetunge Oslo Freedom Forum, og 10. – 11. oktober skal AI Norge for første gong arrangere Oslo Conference on Business & Human Rights, ein konferanse som vi har store forhåpningar til. Årets tema er korleis eksisterande lovverk kan nyttast for å halde selskapa ansvarlege for menneskerettar, samt kva slags lovverk som burde opprettast.

Mykje bra skjer lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Det er gledeleg i ei tid der Amnesty International trengst meir enn nokon gong.

Hjarteleg takk til alle som bidreg!