Flytande

Publisert: 21. Feb 2016, kl. 13:33 | Sist oppdatert: 21. Mar 2016, kl. 21:06

Skrevet av Erling Andre Flote, historiker

Ho låg der på ryggen. Den sterke sola steikte i andletet hennar. Det var dørgande stille, i sjøen og i lufta. Lite vind, berre ein svalande bris, nokre små lette pust som bles henne over panna. Vatnet gynga henne opp og ned. Ho flaut på den nye flytemadrassen. No og då trefte lette bølgjer henne i sida og spruta nokre kjølande dropar saltvatn over den varme kroppen hennar. Ho hadde berre på seg ein liten bikini. Måtte la sola brune mest mogleg av den likbleike vinterkroppen. Var livredd for å kome heim like kvit. Det såg rart ut. Måtte vise at ho hadde vore borte. Det var roleg rundt henne. Nokre andre kroppar svømte litt lenger borte, andre leika med ball og Frisbee. På ein madrass lenger borte låg kjærasten hennar. Dei flaut mot kvarandre, han brukte handflata som åre og styrte madrassen i hennar retning. Dei tok hendene til kvarandre. Det var godt å ligge sånn. Ho var så lukkeleg. Så takksam. For at dei hadde kome seg unna den sure våren heime i Noreg. Ei etterlengta pause frå alt maset og alle krava der heime. Nokre veker ved Middelhavet i april. Ho hadde aldri vore her før, men høyrt om andre som hadde reist. Det var som ein draum. Eit paradis. Dei trong dette. Kroppane trong kvile. Dei trong sol. D-vitamin. Ikkje bra for humøret å gå så lenge i dritver. Ikkje bra for helsa heller. Dei fortente det. Hadde arbeidd så hardt denne vinteren. Dei hadde råd til det. Kunne unne seg det. Dei var lukkelege.

Han låg der på ryggen. Den sterke sola steikte i andletet hans. Det var dørgande stille, i sjøen og i lufta. Lite vind, berre ein sval bris, nokre små lette pust som bles han over panna. Vatnet gynga han opp og ned. Han låg der. Stille. Flaut på overflata. No og då trefte lette bølgjer han i sida og spruta nokre dropar saltvatn over kroppen hans. Det var kaldt i vatnet, ein kontrast til den varme lufta og den brennande sola. Det var stille.
Litt bortanfor han låg kjærasten hans. Fleire andre kroppar flaut i vatnet litt lenger borte. Dagen før hadde dei stige om bord i båten. Han hadde planlagt dette ei god stund. Dei skulle reise. Dei trong det no. Han hadde høyrt om nokon som hadde reist. Høyrt at det fanst eit draumeland, eit paradis, ein stad der ute. Det var dyre bilettar. Nær umogleg å betale. Men det var det verd. Det vart fort fullt. Tydeleg eit populært tilbod. Han var takksam. Takksam for at dei framleis hadde kvarandre. Då båten gjekk frå kai vinka dei farvel til dei som stod att. Dei mange, sorgtunge andleta. Han var spent. Var dette vegen til fred og kvile? Middelhavsvegen til lukka? Dei var lukkejegerar.
Han låg der og flaut på ryggen. Den sterke sola steikte han i andletet. Litt lenger borte låg kjærasten hans. Nokre minutt tidlegare heldt dei kvarandre i hendene. No flaut dei i kvar si retning.

Teksten er tidligere publisert i Klassekampen